HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 

Grupper

På Fossanmoen i Forsand kommune ligg fortidslandsbyen Landa. Her kan du sjå dei historiske bygningane frå mange tusen år tilbake. Du får også oppleva husfrua som vil ta deg med på ei historisk vandring.

Som gjest vil du bli tatt med inn i det eldste huset i landsbyen kor eldstaden er tent opp. Her byrjar tidsreisa vår. Me tar gjestane med på ei levande og spanande reise i tid kor gode historiar blir fortalt. Ein vil så bli tatt med på ei vandring gjennom landsbyen kor ein vil kunne sjå landsbyutviklinga gjennom 2000 år. Me tar og ein tur innom urtehagen og smakar på urtene og blir fortalt om korleis dei historiske urtene og plantene blei nytta av dei første fossanbuane på Landa. Gjestene vil etter denne tidsreisa få eit innblikk i korleis det kan ha vore å  levd og budd på den tida i landsbyen vår. Husfrua vil til slutt føra gjestene inn i høvdingens maktsal, Gildehallen. Eldplassen er tent opp og alt er duka for eit velsmakande historisk måltid Landalandsbyen med bygg frå ein periode på over 2000 år finn du ikkje nokon annan stad i Nord- Europa.

 

Omvisinga i fortidslandsbyen tar cirka 1,5 time.


Historia blir levande her på Landa.
VELKOMMEN TIL LANDA!

 

 

 

For meir informasjon kontakt Husfrua på landa@visitlysefjorden.no eller på tlf; 95428451. Husfrua er til tider travel i forhistoria på Landa så ikkje gje opp ved første forsøk!!