Ta med klassen din på ei historisk reise med både læring og lek, 3000 år tilbaken i tid. Husfrua ønsker dere velkommen til ein spanande dag!!!
I Forsand kommune ligg fortidslandsbyen Landa. På Landa har arkeologane funne tufter som er nesten 3000 år gamle. Me har bygd opp fire hus slik som dei stod her på Fossanmoen for mange tusen år sidan. Nå kan elevane besøka fortidslandsbyen vår og sjå og oppleva korleis folk budde og levde her. Husfrua vil ta deg med på ei reise i fortida som startar i brosenalderen og sluttar i vikingtida.
Husfrua vil visa elevane dei ulike bygge- og levetilhøva frå bronsealderen til vikingtida. Husfrua som veit nesten alt om Landa vil ta deg med til urtehagen og fortelja korleis dei ulike urtene og plantene blei nytta før i tida. Sjølvsagt vil do og få ei smaksprøve.
Det er og mange andre aktivitetar som å kara ull, spinna tråd, og prøve reiskapar rå bronsealderen. Eit av mål med turen til Landa er å kåra klassens beste bueskyttar.
Leiker og grilling
Me kan tilby elevane hardbalne leiker med historisk sus: sleggekasting, spiralløp, balansegang i ør tilstand, bueskyting og tautrekkjing fenger dei fleste.
Etter ein lærerik og spanande dag roar me oss ned rundt grua i bronsealderehuset og grillar pølser.
Me kan og tilby overnatting med opplegg.
For meir informasjon kontakt Husfrua på landa@visitlysefjorden.no eller på tlf; 95428451. Husfrua er til tider travelt opptatt i forhistoria på Landa så ikkje gje opp ved første forsøk!!





