HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 

Rekonstruksjon

Rekonstruksjonsarbeidet tar sikte på å bygge opp landsbyen...

Rekonstruksjonsarbeidet tek sikte på å gjenskape noko av miljøet frå ulike epokar og ved å vitja Landa kan du få eit innblikk i korleis folk budde og levde under dei ulike tidsperiodane.

Husa som er rekonstruert i dag er:
Bronsealderhuset: Dette huset er frå Bronsealderen, ca år 1000 f.kr. Huset inneheld to deler, og er bygd med leirklinte veggar og stråtak. Dei to delane var opprinneleg bustadhus og fjos.
Gildehallen: Bygningen stammar frå folkevandringstida (350 e.kr - 600 e.kr). Dette var Landahøvdingen sin eigen storhall med langbord og stor eldgruve. Eit høgstatushus kor både verdslege og reiligiøse festar vart haldne. I tillegg vart hallen nytta som bustad for den leiande høvdingefamilien i landsbyen.
Smia: er og fra folkevandringstida. Dette var arbeidsstaden kor ein smidde reiskapar av jern. Smia består av to delar kor av den eine delen truleg vart nytta som bustaden til smeden.