HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 
Du er her: TURISTMÅL Lysefjorden

Lysefjorden

Lysefjorden skil seg ut frå andre fjordar i Rogaland. Fjorden er prega av den brutale medfarten etter siste istid. Fjella, berga og sandmassene gjer lysefjorden til ei historisk og geologisk perle.  

 

Lysefjorden er som andre fjordar i Norge og i Ryfylke forma av dei enorme isbreane under sist istid.

Dess lenger innover Lysefjorden ein kjem, dess meir karrig natur.  Likevel har folk bygd og budd her i fleire århundre.  Folk har klort seg fast på grøne flekkar langs fjellsidene og greidd å overleva på små gardsbruk.

 

Frå ferjestaden Oanes og tettstaden Forsand i starten av fjorden skjer fjorden seg 42 kilomter beint inn mellom høge, stupbratte fjell. På nordsida av fjorden ser du Preikestolen og den litt mindre kjende Henjandenibbå. Lenger inn i fjorden, nesten inne i Lysebotn, ser du Kjerag som stuper 1000 meter beint ned i fjorden. Kjerag har sidan 1980 vore kjent som ein eventyrleg og utfordrande klatrevegg for dei mest erfarne fjellklatrarane.  Men mest kjent i verden er nok Kjerag for basehopping.  I Flørlibygda kan du sjå den gamle kraftstasjonen bygd i 1917.


Den nye kraftstasjonen til Lyse er bygd inne i fjellet. I botnen av Lysefjorden ligg Lysebotn som er utgangspunktet for mange turar i Ryfylkeheiane. For folk som har auga og interesse for geologi kan endemorenen i enden av Lysebotn vera interesant. Heile Lysebotn er eigenleg ein storendemorene skapt av isen som begynte å smelta for 12-13000 tusen år sidan. 


Eldre tid
Ferdsle på fjorden i eldre tid
Les mer>

Isen
Isen forma Lysefjorden
Les mer>