HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 
Du er her: VEGEN HIT

Komme hit

Finn vegen til Lysefjorden via Oanes, Lauvvik eller Tau. Frå Sandnes, Stavanger og omegn.

Korleis reise til Lysefjordområdet:

Med turistbilferja:

Turistferja har ein dagleg avgang frå Fiskepiren i Stavanger i perioden 29 mai til 25 juni, med retur frå Lysebotn. 

Frå 26 juni til 29 august har ferja to daglege avgangar frå Lauvvik, med retur frå Lysebotn. 


For rutetider og bestilling sjå her:  

Med hurtigbåt:

last ned hurtigbåtrutene fra kolumbus

Bergen - Stavanger - Lysefjorden - Ytre rute

Se kart

 

Med bil:

STAVANGER - LYSEFJORDEN - TO ALTERNATIVE VEGAR:

Frå Fiskepiren båtterminal i Stavanger med bilferje til Tau.  Frå Tau RV13 til Lysefjorden og Forsand

 

Frå Stavanger - E39 til Sandnes.  RV 13 frå Sandnes til Lauvvik.  Frå Lauvvik med Høgsfjordbilferja

til Oanes i starten av Lysefjorden

 

OSLO - KRISTIANSAND - LYSEFJORDEN - LANGS SØRLANDET.

E18 frå Oslo til Kristiansand.  E39 frå Kristiansand til Sandnes.  RV13 frå Sandnes til Lauvvik.  Høgsfjordferja

frå Lauvvik til Oanes i starten av Lysefjorden.

 

SETESDAL - LYSEBOTN - INDRE VEI FRA OSLO.

Frå Brokke i Setesdal, fjellvegen over til Suleskar i Sirdalen.  Frå Øvre Sirdal v/Suleskar sommervegen/Lysebotnvegen over fjellet til Lysebotn.  Turistbilferja frå Lysebotn ut Lysefjorden.

 

HARDANGER - LYSEFJORDEN - INDRE VEG FRÅ BERGEN - FJORDVEGEN TIL LYSEFJORDEN.

Frå Hardanger forbi Odda til Røldal.  RV 13 frå Røldal gjennom Ryfylke til Lysefjorden/Preikestolen/Forsand.

 

TURISTBILFERJA PÅ LYSEFJORDEN  - GUIDING, BROSJYRER OG MATSERVERING OMBORD.

Tar både passasjerar, bilar, motorsyklar, bobilar, syklar og bussar.  Sesongen er delt i to. I skuldersesongen så er det ein avgang i kvar retning med start frå Stavanger. I hovedsesongen er det to turar i kvar retning med start frå Lauvvik.

 

Turistferja har avgang frå Fiskepiren i Stavanger i perioden 30 mai til 26 juni og 17 til 30 august. Frå 27 juni til 16 august går ferja frå Lauvvik. To daglege avgangar. Avgang frå Lysebotn i perioden 30 mai til 30 august.

 

Det blir anbefalt å forhåndsbestille plass - www.vfc.no eller tlf 51868788

 

 

FOTTUR TIL TOPPEN AV PREIKESTOLEN:

Kjem du frå Tau, Oanes, Forsand og kjører langs RV13 - Ryfylkeveien så ta av  RV13 på Jøssang som ligg mellom Jørpeland og Lysefjorden.  Det er god skilting undervegs.  Fra Jøssang kjør opp til parkeringsplassen på Preikestolen fjellstue, område der stien og fotturen startar.  Det er pakeringsavgift både for bilar og bussar.  Fotturen til Preikestolen tar ca 1 1/2 time kvar veg.  Turstien er godt tilrettelagt og merka.  Krev godt fottøy og klær etter værforholda den dagen du går turen.  Ta med nistepakke på sjølve fotturen.  På parkeringsplassområdet er det toalett, kiosk, kafe og informasjon.   Det er ikkje toalett undervegs.

 

For dei som ikkje har eige kjøretøy så kan ein kjøpa kombinasjonsbillett t/r Stavanger - Preikestolhytta / båt og buss med fleire avgangar kvar dag begge vegar i sesongen.  Det går også buss frå Tau via Jørpeland til Preikestolhytta, i regi av Østerhus buss.

 

FOTTUR TIL KJERAG OG KJERAGBOLTEN I INDRE DEL AV LYSEFJORDEN.

Turistbilferja går frå Stavanger, Lauvvik, Forsand eller Songesand til Lysebotn. Bruk bil frå Lysebotn opp til fjellrestauranten Øygardstøl, der det er parkering for bilar og bussar.  Parkeringsavgift.  For informasjon om turistbilferja og avgang begge vegar,  kontakt Lysefjorden Sightseeing - www.vfc.no - tlf 51868788.

 

Bil frå Stavanger via E39 til Gjestdal, Hunnedalen, Sirdalen, kjør over Lysebotnveien til fjellrestauranten Øygardsstøl der fotturen startar.

 

Turstien er tilrettelagt og merka, men med ein vanskelighetsgrad litt meir krevjande enn til Preikestolen.  Krev godt fottøy og klær etter værforholda den dagen du går turen.  Ta med nistepakke på sjølve fotturen.  På parkeringsplassområdet er det toalett, informasjon og matservering i sesongen.  Det er ikkje toalett undervegs.