HEIM  |
VEGEN HIT  |
KONTAKT  
 
Du er her: HEIM
> Hva skjer i lysefjorden

Landa familiefestival 25. – 27. juni

NORGES KAMPANJE!

Landa 2010

Lysefjord DVD

Sykkelutleie

 

LYSEFJORDEN

Lysefjorden er eit mektig naturfenomen. Den ville og dramatiske fjorden skjer seg 40 kilometer inn mellom stupbratte fjell.

Lysefjorden er meisla ut og forma av isbreane under istidene. Fjorden blir derfor sett på som eit ekte naturdokument og ei geologisk perle. Preikestolen og Kjerag er dei mest berømte fjellformasjonane. Tusenvis av menneske finn vegen hit kvart år. 

 

I dette ville landsskapet har folk klort seg fast i bakkane og i fjellsidene i mange tusen år. Mange stader kan du sjå spor etter menneskeleg aktivitet og erobring av den ville naturen. Det finnest mange utrulege historier om folket langs fjorden, om Pilt-Ola og om folket på gardane. Nokre av historiene er så eventyrlege at du vil tru du høyrer eventyr i staden for fakta. Er du sprek, kan du no sjølv erobra dette området om du ynskjer å gå Stavanger Turistforening sitt løypenett “Lysefjorden rundt”. 

Lysefjordbrosjyren
Lysefjordbrosjyren for 2010 er nå klar. Last den ned her.
Les mer>

Me kan Lysefjorden
Lysefjorden Utvikling AS samarbeider med lokale firma om å tilby dei beste opplevingane i fjorden. Me kjenner fjorden og kan organisera dei beste turane.
Les mer>